This website uses cookies to enhance your experience.

Karl Seglem - Alun (Vinyl)

Karl Seglem sin musikk er unik, i ordet sin beste forstand. Når han no gjev ut sitt 40´ande album vender han ikkje blikket bakover men held fram sitt grense- og sjangerutvidande arbeid. Folk, jazz, world ? Karl Seglem er ein eigen sjanger. Musikken på det eksklusive vinyl-albumet ALUN er skapt over
Price
kr 349,00 - kr 50,00 kr 299,00
incl. tax
Out of stock Low stock In stock
This product cannot be ordered at the moment.
Description
Karl Seglem sin musikk er unik, i ordet sin beste forstand. Når han no gjev ut sitt 40´ande album vender han ikkje blikket bakover men held fram sitt grense- og sjangerutvidande arbeid. Folk, jazz, world ? Karl Seglem er ein eigen sjanger. Musikken på det eksklusive vinyl-albumet ALUN er skapt over ein periode på over 3 år, og pandemien gav han høve til å fordjupa seg i materialet, gjera nye opptak, forma det og ferdigstilla det. Denne gongen er det ikkje eit konsept-album men ei LP-plate med 10 enkeltståande komposisjonar. Og sjølvsagt heng dei saman og er i dialog med kvarandre. Kvar LP-side er ei reise, ein historie.

Det ligg ei ny retning i samklangen og samspelet mellom bukkehorn og tenorsax på ALUN. I samarbeid med produsenten Alf Magne Hillestad har Seglem utvikla og utvida ulike klangspekter i desse instrumenta og samklangen mellom dei. Det er første gang Seglem har skapt og arrangert så mange av komposisjonane for begge desse instrumenta. Han brukar også varierande besetningar og har invitert inn nokre nye medmusikarar i tillegg til dei han har arbeida med i mange år. Nye klangar i form av joik, langeleik og munnharpe er også inkorporerte klang og rytme-element på enkelte låtar. ALUN er eit nytt sterkt visittkort i floraen av ny norsk og eigenarta musikk.

Tracklist
01. Gåtene I Sanden
02. Heilbrunn
03. Elvestreng
04. Volveskugge
05. Tung Alge
06. Dagdikt
07. Slør
08. Travaren
09. Windn
10. Gota
Specifications
Item No. NYENOR6113
Utgitt 2021
Format LP
Sjanger Jazz
Se alt av Karl Seglem
    Loading
    Loading